tirsdag 12. mars 2013

Varmeflasker og strikkesokker


Laurdag var det nydeleg ver og vi kunne nyte kaffien utandørs -  i solveggen. Våren var komen ... trudde vi. Men i dag har vi fått erfare at mars kan vere lunefull. Landskapet er igjen kvitt. Heldigvis ser det ikkje ut til at snøen skal bli liggande, sola har allereie smelta bort ein del av det som kom.

På bildet ser vi varmeflasker av det gamle slaget. Kan faktisk hugse at farmor brukte dei til å varme opp i senga med, på kalde dagar. Dei er laga av steintøy og glaserte. Eg synes dei var veldig fine den gongen, og det synes eg framleis.

Sist eg var innom garnbutikken vart eg freista av nydelege vårfargar. Kjøpte garn til huer og sokker.
Er veldig nyfiken på sokkegarnet for eg har aldri strikka av den blandinga før : 41 % rein ull, 34 % bomull og 25 % polyamid.
På nederste bildet kan du sjå at eg er i gong med strikkinga av første sokkeparet. Dei virker veldig lette og eg synes dei gir en "fornemmelse"av mjuk bomull når eg tek i dei, men så er det ikkje det heller. Ulla gjer dei på ein måte mjukare. Spanande ...  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar