lørdag 27. oktober 2012

.. i det grå..

.. i det grå..

I den senere tid har jeg hatt liten tid til blogging. 
Dette har medført at listene med "fredagsfavoritter"
nesten har "glimret" med sitt fravær.

Denne fredagen har jeg funnet frem en liste jeg laget for litt siden.
Listen inneholder nydelige ting fra noen av butikkene på Epla.
Håper .. i det grå.. vil falle i smak hos deg også :)

Ha en riktig fin helg :)


Ønsker du å se listen i større format så trykk HER

søndag 21. oktober 2012

Barnekjolar frå den gamle kista




Barnekjolar frå den gamle kista.

Når eg skriv om ting frå det gamle huset vårt må eg skrive på nynorsk. Huset ligg i "Nynorskland", så det å skrive på bokmål føler eg mest som eit svik :)

I ei av dei gamle kistene i det gamle huset fann eg desse barnekjolane. Kjolane som er heimesydde av mor mi, er  ikkje så ulike dei vi finn i handelen i dag.Ein kan kanskje undre seg over at dei har blitt teke vare på, for dei er både slitne, falma og bøtte.

Ein gong var det nydelege bomullskjolar i vakre fargar.
Eg minnast at det å få ny kjole var stor stas.
Men så var det dette med å klatre i tre, og andre fysiske aktivitetar som ikkje alltid høvde like godt saman med
søte bomullskjolar. Dette har også sett "spor" på kjolane
    med små rifter som er "nesta" saman :)


Kva som var tanken med å ta vare på kjolane veit eg ikkje,
men ein ting er sikkert : Kjolane får fram minna.
Minna om :"Bro, bro brille.."
"Slå på ringen..",  "Flaug ein liten blåfugl.."
Hoppe paradis. " Ta land.." o,s,v , o.s.v.
Gode minner :)








Denne kjolene er faktisk veldig søt, men ein kan vel sei at den kom noko uheldig ifrå fotograferinga.




Det siste bildet er ikkje frå den gamle kista, men frå kjøkkenbenken heime.
Dette er kirsebærlikøren min, teke på eit tidleg stadium.
Etter at dette bilde er teke har den fått selskap av eit  norgesglas med tyttebærlikør også.
Snart er det tid for å sile likøren og få den over på små flasker, som skal bli julehelsingar til familie og vener :)