mandag 18. mars 2013

Ein kjole kan vere så mangt

Ein kjole kan vere så mangt, noko som kjem tydeleg fram når ein ser dei to dokkene på bildet. Den eine er Tivoli-dokka. Det er ei dokke med papphovud, tøykropp og ein kjole som ikkje kan takast av og på. Dokka var ikkje eit valg frå øverste hylle i Tivoliet, men kan likevel hugse gleda då eg vann den.Noko navn fekk den aldri. -  Den andre dokka på bildet, Solveig, er ei lita sovedokke eg fekk av far min. Når eg ser kjolen den har på seg tenker eg at dette må vere frå ein veldig tidleg "kolleksjon". Det hadde seg nemleg slik at der eg vaks opp var det to trikotasjefabrikkar som laga dameundertøy. Når vi fekk spart oss opp ei krone eller to, gjekk vi til fabrikkutsalga og kjøpte poser med avklipp. Dette var "skjære" godteposane , som vi sydde dokkeklede av. Ser at Solveig har kjole av nattkjolestoff. Eller kanskje stoffrester frå ein leikedress, dei laga nemleg litt barneklede også. "Øvelse gjer meister" heiter det. Trur eg kan sei at vi etter kvart gjorde framsteg.    

Den kvite kjolen er ein nydeleg kjole i tynt, tynt stoff og blonder. Den låg i ei gammal kiste og er gammal og "skjør". Etter at den har fått ein forsiktig omgong med såpe og vatn, tener den no som dekorasjon på veggen.
Den nederste kjolen er av det meir robuste slaget. Den har eg strikka, og den er no lagt ut for salg i Eplabutikken min : Strikk & Slikt. (epla.no/shops/strikkogslikt ) Den er strikka i Babyull frå Gjestal. 100 % Merinoull, Str. 3 - 4 år.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar