tirsdag 28. august 2012

Det gamle fatet




I ei gammal kiste
I det gamle huset vårt
Fann vi det gamle fatet.
Ein kunne sjå at fatet bar med seg ei historie, men dei gamle som kunne ha fortalt historia er for lengst borte.



Knuser vi eit fat i dag , samler vi saman bitane og kvitter oss med dei.
Slik var det ikkje den gong dette fatet var i bruk.
Det kan faktisk sjå ut som fatet har vore på reparasjon. Det er bora små hol i bitane, så er det møysommeleg sett saman med messingboltar.
Slik kunne fatet ha sin nytteverdi vidare.


 I dag står fatet " på stas " i kjøkkenet og minner oss om tider som eingong var .
Faktisk som eit lite kunstverk - står det der.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar