mandag 17. juni 2013

Frå Gamlehuset

Etter at graset er klipt, smaker det godt med kaffi og muffins.

Torsdag var eg ein dagstur til Gamlehuset, der vi driv og pusser opp. Alt tek lenger tid enn ein i utgangspunktet trur når det gjeld gamle hus -  ved at det dukker opp uventa ting. Denne gongen hadde vi skulda sjølve då det blei bråstopp. Vi gjekk tomt for stein, og det synte seg at steinen ikkje var til å oppdrive i Noreg. Slik kan det gå når ein kjøper eit restparti og ikkje undersøker korleis ein eventuelt kan skaffe seg meir dersom ein skulle trenge det. Det ordna seg til sist, og vi fekk steinen sendt frå Tyskland Så no kan vi endeleg gjere pipa på loftgangen ferdig. 

Denne gongen var eg i Gamlehuset for å slå "plenane" før graset blei for høgt. Heldigvis har vi ein  grasklippar med god "drift", så det gjekk veldig greit å slå.



Furuskapet fekk ny utsjånad med kvitmåling og porselensknottar.

Hekk av Kjempekonvall.

Ved innkjørsla til Gamlehuset har Kjempekonvallen teke overhand, og fungerer no som hekk. Desverre tok eg  bileta før eg hadde klipt graset. Det blei så mykje finare etterpå.
Tulipaner, strå som har vore "frå gamalt av".bladliljer og Løytnantshjerter.

Gamlehuset ligg lenger inne i fjorden. Her er det kaldare og snøen ligg mykje lenger enn hos oss. Av den grunn kjem blomane ofte litt seinare, men når dei kjem, kjem dei fort.
Gul ballblom, eller Eggeplomme som vi kaller den.

Bladlilje og , som mor mi kalla den : "Bevende Hjerte"

Den gamle Syrinbusken..

Eg er veldig glad i sjøen. Dette bilete tok eg på veg til Gamlehuset.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar