onsdag 6. februar 2013

Ho kom frå Amerika og fekk oss til å måpe

Ho kom frå Amerika og tok pusten frå oss..... Ei av barndomsveninnene mine, Gjertrud  hadde far som var ute til sjøss. Den gongen var det ikkje som no ; "4 veker på og 4 veker av". Dei var borte i lange bolkar, men for oss var det veldig eksotisk. Verda var liksom så mykje større den gongen enn den er i vår tid. Hos Gjertrud fekk eg smake veldig mykje spanande godterier. Kan den dag i dag hugse første gongen eg fekk smake hermetiske annanas, smaken var mildt sagt framandarta .
                     Så var det denne dagen  heilt i byrjinga på 1960-talet då far til Gjertrud hadde med pakke til meg også, sjølv om det korkje var jul eller bursdag. Kvar si dokke - ei med askeblondt hår og ei med gyllent hår - fekk vi. Dokkene hadde mørkeblå stripete badedrakter, høghela sko og  perler i øyrene og rundt halsen. Navnet hadde dei felles : Barbie.
                     Tok eigentleg veldig godt vare på Barbia mi, men dessverre let eg ungar få leike med henne no i ettertid noko som har gjort henne sko- og smykkelaus.


Her har Barbie fått strikkedrakt og "posserer" framfor eit gamalt album med glansbileter.




Dette er to luer som eg har lagt ut i Eplabutikken min.
Luene er strikka i pt5 frå Rauma.
80% god, mjuk ull
20% nylon
Norsk kvalitetsgarn.

Eg er veldig glad i dette garnet og synest dei duse fargane er nydelige.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar