fredag 7. september 2012

Haust

Eg helsar deg haust  ,du ærlege haust ,
du lovar meg aldri det slag.
Broren din , våren , han lovar så raust, han lovar kvar einaste dag,
men lovnaden gløymer han ofte så fort,
han held ikkje meir enn han vil,
og var det eit vonbrot han ikkje fekk gjort,
så hjelpte nok sommaren til.

Eg helsar deg haust, av heile mi sjel, eg helsar deg,  herlege haust.
Du lovar meg inkje, men kjem likevel med gåver så rikt og raust ,
ja, ofte kom du med ein soldag attpå , som ikkje var venta eingong ,
og lia var gullgul , og fjella var blå , og livet var solskin og song .
                                                  Henrik Straumsheim.

Vil du sjå lista i større format så trykk HER

                                             

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar