torsdag 11. april 2013

Tivolikopper og strikk

Om våren var det Sirkus Arnardo som var eit av dei mest spennande vårteikna for oss ungane i bygda. Eksotiske dyr, akrobater som "svevde" oppunder telt-taket og klovner som snubla rundt i manesjen.
Om hausten var det Tivoli som var ein av dei tinga vi gledde oss til. Eg har tidlegare skreve om tivolidokka - den navnlause - den som ikkje kom frå den øverste hylla av gevinster. I dag har eg teke med bilde av koppane som verkeleg kom frå "den øverste hylle" Dei står i Gamlehuset, og har vel ikkje vore av dei vi har brukt mest, men fine er dei. Av stempelet under fatet kan ein sjå at det er  Egersund. 

Tivolikoppane frå Egersund saman med ei gammal kjeksboks.

Stempelet under fatet.
Påskeliljene trives på verandabordet.
Luer av typen "Baggy luer"
I trauet kan ein sjå to luer som eg snart er ferdig med. Luene er strikka i garnet : Baby Merino frå Drops som gir mjuke og behaglege plagg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar