fredag 1. mars 2013

Nåla i veggen og strikking

Nåla vi fann i veggen.

I sommar skifta vi bordkledning på ein av veggane på det gamle huset vårt.
I det høvet var det veldig mykje rart å finne inne i veggane. Ein snekkar har fortalt oss at det før i tida var vanleg at dei la inn ting i veggane når dei bygde husa sine. Dette visstnok for å "tilfredstille" gamal overtru. Ein av dei tinga vi fann, var altså denne nåla.
           Den eine delen av huset er i tømmer, og er ifrå omlag 1904. Den andre delen av huset er ifrå 1950. Trur nok ikkje denne nåla er så veldig gamal. Kanskje er det heller ikkje bevisst at denne fekk  sitt "smykkeskrin" i veggen.

Dette er baksida av nåla. Sjølve festet har fått ganske mykje rust.
 Strikker no på ein barnegenser i Gjestal babyull, str. 2 år. Tenker kanskje å brodere litt på den når den er ferdig strikka og montert.

Dette er barnekjolen i Setesdal-mønster  som var under arbeid sist eg blogga. Kjolen er no ferdig strikka og nesten ferdig montert. Som du ser på bildet står det att å legge opp kanten nede. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar