tirsdag 5. februar 2013

Ullsokkar og gamalt stoppe-egg



Eit trau med heimestrikka ullsokkar.




I dag har eg funne fram eit "stoppe-egg" frå den gamle kista.  Ærleg tala veit eg ikkje kva det eigentleg heiter, men eg veit at det vart nytta til å stoppe strømper  med. Når det då også ser ut som eit egg så blei det ganske enkelt eit "stoppe-egg". Utsjånaden ber tydeleg preg av at det ikkje har  vore ein pyntegjenstand.  Slete og velbrukt er det.


Teksta på ""stoppe-egget" er nok lite aktuell i vår tid, men her er den likevel : "Elsk din mand og stop hans hoser så får du vandre på røde roser"


Trur det er få av oss som "stopper hoser" i dag, men strikke "hoser" og strikke sokkar det gjer vi .

Sokkane i det nederste trauet er strikka i Angora Merino ull, og blei lagt ut for salg i Eplabutikken min i dag.


2 kommentarer:

  1. Herlig, aldri sett en sånn engang jeg, men skjønner absolutt at det blir enklere å stoppe med en sånn en:) Og vi har nok blitt alt for vant til å bare å kaste når det blir hull på ting, kanskje på tide at sånne egg kommer frem i lyset igjen?
    Riktig god uke videre!

    Klem fra
    kattene og Camilla:)

    SvarSlett
  2. Jeg kunne ha tenkt meg et stoppe egg, og jeg stopper også hjemmelaget ull sokker. så slipper jeg å strikke et nytt.

    SvarSlett