søndag 3. februar 2013

Natur og prosjekt




Dette biletet som er teke på veg til det gamle huset vårt, får representere "Natur".
Etter at vi har hatt samanhengande nydeleg ver over lengre tid, har vi no fått nedbør med snø og litt regn. I takt med verskiftet har lyset ute også endra seg, men eg synest det er vakkert no også.







Etter å ha kome vel fram, fått fyr i ovnen og "varme i veggane" kan buketten med tulipaner kome på bordet.
Og "vips" er det litt vårstemning i kjøkenet i gamlehuset.











Her er eit av prosjekta våre.
På deler av loftet har vi (mannen min) reve ned heilt inn til tømmerveggane og opp til mønet. Noko av det fyrste vi må ta til med er å legge teglstein utanpå pipa. Dette er ganske tidkrevande for pipa er ikkje av det rettvinkla slaget. Det er heller ikkje meininga at pipa skal bli heilt bein, men det er eit mål at steinen skal bli verande på.
På biletet ser vi at ein tredjedel av pipa er ferdig.Med andre ord : Vi har mykje "godt arbeid" i vente.


Litt strikking blir det heldigvis tid til. Her er det ein barnekjole med hjarter og blomar som er under arbeid - str. 6år. Denne er no ferdig, og eg har byrja på ein maken str. 4 år.







1 kommentar:

  1. Vakker natur og nydelige bloster. Kjekt at du får tid til å strikke litt også, man kan ikke bare jobbe :)

    Jeg vil få takke deg igjen for alle de gangene du har med noe fra meg på listene dine på epla! Jeg blir så glad når jeg ser jeg er med, men jeg rekker dessverre ikek så mye selv. Jeg har litt omveltende hverdager nå, men håper alt faller på plass snart.

    Stor klemt til deg :)

    SvarSlett