mandag 22. april 2013

Sko og sokker - Før og no

Gamlehuset har sjel. Dei gamle tinga vi finn der kan gi oss eit innblikk i tider som var. Som desse barneskoa - Slitne er dei, men ikkje så slitne som ein kanskje kunne forvente når dei heilt sikkert har gått i arv til mange av borna som voks opp i huset. Forklaringa er kanskje enkel : Dette er finesko, og dei vart vel knapt nok nytta på søndagar. Det var nok berre på julefestar og 17. mai at dei blei tekne i bruk.
På bilde nr. 2 ser vi eit par barnesko som vi fann i veggen då vi skifta bordkledning. Desse skoa kan ein vel seia er meir enn velbrukte . Ved siden av : Ein "tresko" som blei nytta når ein sydde og bøtte sko.

Fineskoa som berre blei tekne i bruk på høgtidsdagar.
Dei "meir enn velrukte" kvardags-skoa, og "treskoen"

Gamle barnestrømper strikka i bomullsgarn.
Fin til å ha Kvitveis i. Gamal krussko.
Har strikka tre par sokker som eg kaller vår- og sommersokker. Dei er strikka i eit garn som heiter : Cotton Cascata Color - 41 % rein ull, 34% bomull, 25% polyamid - gir gode, mjuke slitesterke sokker. Str. 36-37, 38-39 og 40-41. Til butikken : Strikk & Slikt
Deilige vår- og sommarsokker.Ull/bomull/polyester.
Mjuke sokker med skaft i "vaffelmønster" under arbeid.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar